Hopp til hovudinnhald
Vy logo

Tilgjengelegheitserklæring

Vi jobbar fortløpande med universell utforming for å sikre kvalitet i våre digitale tenester. Her finn du tilgjengelegheitserklæringar for nettsida og appen vår og informasjon om korleis vi jobbar med universell utforming.

Nettstaden vy.no

Korleis jobbar vi med universell utforming av våre digitale tenester

Vy har mange utviklingsteam som jobbar med forvaltning og nyutvikling av tenester i app og på web. Kvart team består av fleire personar med kompetanse innan brukaroppleving, visuell design og teknisk utvikling. Teama har ansvar for at dei tenestene dei utviklar og forvaltar er universelt utforma.

For å sikre kvalitet og heilskap på tvers av team er det utvikla eit designsystem (Spor). Spor inneheld komponentar som blir nytta i utviklinga av app og web. Ved å sørge for at Spor-komponentar er universelt utforma sikrar vi ei heilskapleg brukaroppleving for kundane. Spor er i kontinuerleg utvikling med mange bidragsytarar, og vil gradvis erstatta eksisterande design og komponentar. Dette arbeidet er krevjande og vi er midt i ein omskrivingsprosess av fleire av våre tenester. Det produksjonsettast ny kode i app og web opptil fleire gonger pr veke. Det blir difor gjort jamlege revideringar av kode for å sikre god tilgjengelegheit i kanalane.

Dersom kundar gjev oss beskjed om feil eller manglar i tenestene, rettar vi dette innan rimeleg tid. Vi har dessutan avtale med ein ekstern ressurs, som hjelper til med brukartesting og ekspert-kompetanse.

Tilbakemeldingar