Om oss
Vygruppen er Nordens største landbaserte transportkonsern. Det er staten ved Samferdsledepartementet som eig selskapet.
Vyane våre for 2025
Vy er ein del av løysinga på klimautfordringane vi står overfor. Kvar dag bidreg vi til eit meir berekraftig samfunn ved at kundane våre vel kollektive og miljøvenlege transportløysingar. Når vi reiser og transporterer berekraftig får vi areal- og energieffektive løysingar, reinare luft og redusert tidstap som resultat av mindre kø, spesielt i byane.
Vi har som mål å gjere det enkelt å velje miljøvenleg slik at endå fleire vel å reise med buss og tog, og transportere gods med jernbane.
Dette skal vi få til gjennom å:
- Gje kundane våre gode kundeopplevingar kvar dag
- Vere bransjeleiande på innovasjon
- Vere effektive og pålitelege i alt vi gjer
- Ha engasjerte og kundeorienterte medarbeidarar