Bestill taxi i Vy-appen
Bestill taxi i Vy-appen i store delar av landet. Du kan samanlikne tilbod frå ei rekkje taxiselskap og du betalar fastpris eller mindre.
Kvifor bestille taxi i Vy-appen?
- Samanlikn tilbod frå ulike taxiselskap (på nokon stader). Selskapet som ligg øvst er selskapet med best score basert på kundevurderingar.
- Rask og enkel betaling med Vipps
- Fastpris gjer at du aldri betalar meir enn forventa
- Du blir automatisk trekt det beløpet som er lågast av fastpris eller taksameterpris
- Følg posisjonen til taxien på kartet og få pushvarsel med statusoppdateringar
- Vel direktebestilling eller førehandsbestilling
- Seriøse selskap og sjåførar med taxiløyve
- Samle reiser med tog, buss og taxi i éin app
Slik bestiller du taxi med Vy
1. Bestill taxi i Vy-appen
2. Følg status og hopp inn
Du får melding når taxien er på veg, og like før han har kome til avtalt hentestad. Medan du ventar på taxien kan du følgje taxien på kartet.
3. Hopp ut
Når turen er ferdig får du kvittering på e-post. Gje oss gjerne ei tilbakemelding i appen.
Spørsmål og svar om taxi
Ved avvik for Vy sine togavgangar vil det som regel bli sett opp alternativ transport. I nokre tilfelle betyr alternativ transport at vi bestiller taxiar som syter for samkøyring av dei reisande. Du har ikkje krav på erstatning om vi har sett opp alternativ transport og du vel å bestille taxi på eiga hand i staden for.
Om vi ikkje har organisert alternativ transport ved forseinking/innstilling og du endar opp med å bestille taxi via taxitenesta i Vy-appen, må du sende inn kvittering og søkje om erstatning for utlegg, som du ville gjort om du bestilte direkte frå taxiselskap. Det er altså ikkje automatisk utbetaling av erstatning ved bruk av taxitenesta i Vy-appen.
Det kjem an på kor langt du skal køyre og kva selskap du vel – prisane ser du kjapt i appen når du har gjeve opp strekninga di.
Prisane blir rekna ut frå normal takst til taxiselskapa. Vi reserverer dette beløpet hos deg når du stadfestar bestillinga.
Når turen er ferdig blir du trekt det beløpet som er lågast av makspris eller taksameterpris. Makspris gjev deg med det ei meir føreseieleg oppleving dersom det blir mykje trafikk, sjåføren vel feil rute eller noko anna uventa hender.
Ofte ender du opp med å betale mindre enn makspris. Kor stor differansen er vil variere mellom selskapa. Vi viser informasjon om dette saman med tilboda, der vi har nok historisk data for selskapet.
Vi inngår avtalar med fleire store taxiselskap for å gje deg eit best mogleg taxitilbod i Vy-appen. Nye stader og selskap vert jamleg lagt til i appen. Slik kan du enkelt samanlikne pris og velje det selskapet du føretrekk.
Førebels har vi lansert på følgjande stader:
Agder:
- Kristiansand
Innlandet:
- Brumunddal
- Dokka
- Gjøvik
- Hov
- Lillehammer
- Østre og Vestre Toten (inkl. bl.a. Raufoss, Eina, Reinsvoll, Kapp, Lena)
- Øyer
Møre og Romsdal:
- NorgesTaxi Ålesund
Oslo:
- Mesteparten av Oslo er dekt av vår teneste
Rogaland:
- Haugesund (inkludert Karmøy, Tysvær, Sveio og Bokn)
- Randaberg
- Sandnes
- Sola
- Stavanger
- Sveio
- Vibå
Troms og Finnmark:
- Tromsø
Trøndelag:
- Mesteparten av Trøndelag er dekt av vår teneste
Vestfold og Telemark:
- Bamble
- Kragerø
- Horten
- Larvik
- Notodden
- Porsgrunn
- Rjukan
- Sandefjord
- Seljord
- Skien
- Stavern
- Tønsberg
- Ulefoss
Vestland:
- Bergen
- Voss
Viken:
- Asker
- Bærum
- Drammen/Lier
- Follo (Nordre Follo, Ås, Frogn, Enebakk, Vestby, Nesodden)
- Fredrikstad
- Gol togstasjon
- Halden
- Hemsedal
- Hurum
- Hønefoss og omegn
- Kongsberg
- Moss
- Romerike (inkl. Eidsvoll, Gardermoen, Jessheim, Lillestrøm, Lørenskog, Nittedal og Rælingen)
- Røyken
- Sarpsborg
Vi jobbar for å gjere det enkelt å reise miljøvenleg og å leve utan din eigen bil. For å kunne ta deg dit du vil, frå dør til dør, er det innimellom praktisk å bruke taxi. Nokre gongar kan det vere at du har for mykje bagasje å drasse på, eller at du ikkje rekk siste avgang med kollektivtransport. I tillegg er det ikkje alle stader det er eit alternativ til bil eller taxi for å kome seg raskt frå A til B.
Tanken vår er at taxi kan vere eit supplement til tog og buss, slik at du enkelt skal kunne kome deg til og frå kollektivknutepunkt. Vi jobbar med å vidareutvikle taxitenesta vår, slik at du kan kjøpe taxituren samstundes som du kjøper tog- eller bussbilletten.
Du førehandsbetalar i appen raskt og enkelt med Vipps.
I appen får du ein makspris frå taxiselskapet. Vi reserverer dette beløpet hos deg når du stadfestar bestillinga. Når turen er ferdig blir du trekt det beløpet som er lågast av makspris eller taksameterpris.
Om bestillinga ikkje skulle gå gjennom i Vy-appen, vil vi kansellere betalinga med ein gong og det vil ikkje bli trekt noko frå kontoen din.
Inngangen «Bestill taxi» finnar du under «Reise» i Vy-appen.
I appen får du ein makspris frå taxiselskapet. Vi reserverer dette beløpet hos deg når du stadfestar bestillinga. Når turen er ferdig blir du trekt det beløpet som er lågast av makspris eller taksameterpris.
Døme: Om maksprisen var 300 kr og taksameterprisen var 280 kr, vil det stå at 300 kr er reservert hos Vipps. Transaksjonen har status «Reservert». Under «Transaksjonar» lenger ned på detaljvisninga for den aktuelle turen vil det stå -280 kr i raud skrift. 280 kr er altså beløpet som er trekt, og det resterande beløpet er frigjeve til kontoen din. Vipps jobbar med å gjere det tydelegare at status i dette tilfellet er «Betalt» og ikkje «Reservert».
Du kan også sjekke i nettbanken din at det er taksameterprisen som er trekt. Det kan ta nokre dagar før transaksjonen er ferdig behandla av banken.
Vi er opptekne av at taxituren du bestiller i Vy-appen skal ha høg kvalitet. Du skal få taxi innan rimeleg tid, og sjåføren skal køyre behageleg og gje hyggeleg service.
I avtalane våre med taxiselskapa er det mogleg for oss å utestengje selskap eller enkelte sjåførar frå å ta imot bestillingar frå Vy-appen. Vi følgjer heile tida med på tilbakemeldingane vi får frå kundar, og informasjon om mellom anna avbestillingar og manglande oppmøte.
Nei, ikkje endå. Vi jobbar med å få dette på plass i appen.
Ta direkte kontakt med taxiselskapet, så kan dei sjekke om sjåføren har funne det du har gløymt i taxien.
Ja, dersom vi har motteke tilstrekkeleg med vurderingar av selskapet, så vil det vises ein score saman med selskapet på steget der du ser pristilboda.
Vi ber om tilbakemelding etter at turen er gjennomført. Det er viktig at flest mogleg nyttar seg av dette. Slik kan vi sørge for god oppfølging av kvaliteten på selskapa og du som kunde kan nytte scoren til å velje selskap.