
Flåmsbana – ei av dei finaste togreisene i verda
Foto: norwaysbest.com / Sverre Hjørnevik
Opplev Flåmsbana
Flåmsbana er ein av Noregs mest populære turistattraksjonar og blir rekna som ei av dei beste togreisene i verda. Den naturskjønne reisa byr på panoramautsikt over vakre fjordar, snødekte fjell, frodige skogar og brusande fossefall.
Flåmsbana går frå høgfjellsstasjonen Myrdal (867 meter over havet) på Bergensbanen til Flåm (2 meter over havet) inst i Aurlandsfjorden. Flåmsbana er ein av dei brattaste togbanane i verda. Det meste av strekninga har ei stigning på 5,5 prosent.
Bestill eventyret ditt til Flåm
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken

Fakta om Flåmsbana
- Flåmsbana er 20 km lang og går frå Myrdal til Flåm.
- Togturen tek ca. 1 time og stoppar ved 8 stasjonar.
- Toga går kvar dag, året rundt.
- Reisa inkluderer ein 5-minutts fotostopp ved Kjosfossen.
- Det er 20 tunnelar på Flåmsbana og 18 av desse vart bygde for hand.
- Det tok rundt 17 år å byggje banen, frå 1923 til 1940.
Frå Myrdal til Flåm
Reisetida frå Myrdal til Flåm er rundt ein time. Reis forbi elvar som skjer seg gjennom djupe juv, fossar som stuper ned bratte fjellsider, og kvite toppar med små gardar som klamrar seg fast i fjellsida.
Len deg tilbake, og nyt det beste norsk natur har å by på, medan togturen tek deg forbi den ville og vakre Kjosfossen. Flåmsbana tek ein pause her på cirka fem minutt, slik at passasjerane kan trekkje frist luft, nyte utsikta og ta bilete av dei utrulege omgivnadene.
Historia til Flåmsbana
Flåmsbana vart bygd som ei transportlinje til fjorden frå byane Bergen og Oslo. Den gjorde også at fleire bygder fekk samband til resten av Noreg.
Bygginga vart godkjend av regjeringa i 1908, men arbeidet starta ikkje før i 1923. Banen vart ferdigstilt i 1940. Den første tida vart strekninga trafikkert av damptog som gjekk fram og tilbake og korresponderte med dagtog på Bergensbanen. Banen vart elektrifisert i 1944 som ein av dei første i Noreg.
Den 20 kilometer lange togturen viser norsk natur på sitt beste og er eit meisterverk innan norsk ingeniørkunst. Flåmsbana er kjend for dei imponerande tunnelane sine, som vrir og buktar seg mellom fjella – 18 av dei 20 tunnelane vart bygde for hand.


Foto: Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik

Fasilitetar på Flåmsbana
Toget har desse fasilitetane:
- toalett
- behagelege sete og interiør i tre
bagasjehyller over setet - store vindauge
Billettbestilling og -informasjon
Enten du vil reise berre ein veg eller ta ein rundtur, bestiller du ei oppleving for livet på Flåmsbana.
Einvegsbillett med Flåmsbana
Viss du planlegg å besøkje Flåm, treng du berre ein einvegsbillett med Flåmsbana . Bestill billett frå Myrdal til Flåm og opplev den sjarmerande staden.
Rundtur med Flåmsbana
Bestill ein rundtur med Flåmsbana og få ei eventyrleg og eineståande oppleving. Set deg godt til rette i det komfortable setet i den tradisjonsrike togvogna og nyt praktfulle utsyn i vakker nordisk natur – reisa er ei oppleving i seg sjølv.
Prisar på Flåmsbana
- Voksen enkeltbillett: fra 399 kr
- Barn enkeltbillett (6–17 år): 50 % av voksenbillett
- Sykkel: 280 kr
- Hund: Gratis
Bagasje
Bagasje
Det er sjølvbetente oppbevaringsboksar ved kundesenteret og ved stasjonsbygget i Flåm. Der kan du oppbevare bagasje i opptil 3 døgn.

Sykkel på toget
Sykkel
Du kan ta med deg sykkel på Flåmsbana, men du må reservere sykkelplass når du kjøper billett.
Tilgjengelegheit
Tilgjengelegheit
Stasjonane på Flåm, Vatnahalsen og Myrdal er tilrettelagd for av- og påstiging for rullestolbrukarar. Dei har også rettleiing med kunngjeringar på skjermar og høgtalarar på toget.
Bagasje
Bagasje
Det er sjølvbetente oppbevaringsboksar ved kundesenteret og ved stasjonsbygget i Flåm. Der kan du oppbevare bagasje i opptil 3 døgn.

Sykkel på toget
Sykkel
Du kan ta med deg sykkel på Flåmsbana, men du må reservere sykkelplass når du kjøper billett.
Tilgjengelegheit
Tilgjengelegheit
Stasjonane på Flåm, Vatnahalsen og Myrdal er tilrettelagd for av- og påstiging for rullestolbrukarar. Dei har også rettleiing med kunngjeringar på skjermar og høgtalarar på toget.
Bestill eventyret ditt til Flåm
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken



Aktivitetar i nærleiken av Flåmsbana
Flåm er ei vakker bygd med fantastisk natur. Du kan utforske til fots eller på hjul og oppleve den sjarmerande staden.
Brekkefossen / Raokjen
Denne fotturen er i underkant av 5 km og tek om lag ein og ein halv time å gå. Du går opp trappetrinn i stein til utsiktspunktet Raokjen, der du kan glede deg over eit vakkert utsyn mot Brekkefossen, så går du attende til startpunktet.
Brekkefossen
Gå ein rundtur som varer i underkant av 6 km langs Flåmselva til utsiktspunktet Raokjen utsiktspunkt. Høgdepunkta på denne turen er det vide utsynet over Flåmsdalen og UNESCO-fjorden.
Flåmsdalen
Gå ein eventyrleg 17 km lang tur gjennom Flåmsdalen, langs Flåmselvi. Gle deg over brølande fossefall, lyse dalsider og den krystallklare elva. Viss du treng å kvile føtene, er det mogleg å bli med Flåmsbana langsmed ruta.
Stegastein utsiktspunkt
På denne utfordrande 19 km lange gåturen får du oppleve fantastiske utsyn frå Stegastein utsiktspunkt. Ruta er også populær blant dei som syklar eller køyrer bil.
Sykkelutleie – Rallarvegen
Rallarvegen, ei av dei mest populære sykkelrutene i Noreg, sluttar i bygda Flåm. Det er ein flott stad å oppleve den vakre nordiske naturen på to hjul.
Kjosfossen
Kjosfossen er eit absolutt høgdepunkt på Flåmsbana. Fossen er berre tilgjengeleg med tog, noko som gjer han endå meir spesiell. Toga på Flåmsbana stoppar slik at passasjerane kan ta bilete av og oppleve den vakre 93 meter høge fossen.


Foto: norwaysbest.com / Sverre Hjørnevik

