Reis frå Ruter
Reis er ein personleg rabatt for deg som reiser kollektivt i Oslo og deler av Akershus. Du får automatisk Reis i Vy-appen når du kjøper enkeltbillett innanfor Ruter sine soner.
Reis – kort fortalt
- Di fleire reiser du kjøper, di billegare blir det for deg.
- Rabatten blir rekna ut ifrå kor mykje du har reist dei siste 30 dagane.
- Billetten kan brukast på alle transportmiddel, inkludert nattbusstilbodet, i Oslo og delar av Viken.

Ofte stilte spørsmål om Reis
Billetten kan brukast på Ruter sine bussar, trikkar, T-baner og båtar, og på Vy sine tog i Oslo og delar av Akershus.
Smartpris er Vy si fleksible løysing for kvardagsreiser. Smartpris blir aktivert for ein 30-dagarsperiode frå første kjøpte billett på ei gjeven reise. Di meir du reiser, di større rabatt får du, og du betalar aldri meir enn for 30-dagarsbilletten. På den måten får du den beste prisen uansett kor mykje du reiser.
Ja, det kan du. Innanfor sonene til Ruter er det Ruter som bestemmer billettypar og prisar, og dei har andre billettar enn Vy.
Nei, rabatten gjeld berre på enkeltbillettar.
Rabatten på enkeltbilletten blir rekna ut frå reisene dine dei siste 30 dagane. Om du har reist mykje dei siste 30 dagane, vil du få høg rabatt, opptil 40 % rabatt på enkeltbillettprisen. Har du ikkje reist dei siste 30 dagane vil du få 0 % i rabatt.
Nei, Reis-rabatten er personleg og du får berre rabatt på ein billett av gongen.
Reiser du kollektivt 1-3 gongar tur/retur i løpet av veka vil som regel Reis løne seg (ca. 24 reiser i månaden). Reiser du oftare enn dette vil det framleis løne seg med 30-dagars billett. Reis blir aldri billigare enn ein 30-dagars billett viss du reiser mykje.
Prisen på første billett er som vanleg. Reiser du ofte, aukar rabatten. Denne blir rekna ut ifrå antal billettar som er kjøpte dei siste 30 dagar.
Viss du vil kjøpe billett med Reis-rabatt i Vy-appen må du vere logga inn.
Alle kundar som reiser som voksen eller honnør vil ha høve til å byggja opp rabatt på enkeltbillettar.
Nei, men barnebillettar har 20 % rabatt.
Med Vy-appen får du også fleire andre fordelar, som:
- Du kan få varsler om forsinkar og innstillingar
- Du kan samle alt om reisa di på ein stad
- Du kan sjå kvar toget ditt er og kor fullt det er
- Du kan kjøpe billettar til buss og tog i heile Noreg
- Du kan bestille taxi i store delar av landet
- Du kan bli medlem i fordelsprogrammet vårt, Grøn Reise
Ja. Pendlarparkering blir tilbyde av Bane NOR for dei ulike stasjonane, og du få tilgang via appen «Bane NOR Parkering».
Reis er også tilgjengeleg i appane til Ruter og Entur. Rabatten du opparbeider deg der gjeld ikkje i Vy-appen, og dei er sjølv ansvarleg for produktet i appane deira.
Dersom du har spørsmål om Reis i tilknyting til appane til Ruter eller Entur, må du kontakta kundeservice hos dei respektive selskapa.